|
Me er ei rekke ungdomsorganisasjonar som går saman mot Tenestedirektivet. Tenestedirektivet vil ha negative verknadar for ungdom flest, og samfunnet som heilskap, og bør difor stoppast. Målet om auka konkurranse i tenestemarknaden må ikkje gå på kostnad av lønns- og arbeidsvilkår eller andre samfunnsmessege omsyn. Ungdomsalliansen tek ikkje stilling for eller mot EU-medlemskap eller EØS-avtale. Våre krav er ei grundig og upartisk konsekvensutreiing av direktivet, og at vetoretten/reservasjonsretten som ligg i EØS-avtalen blir brukt så sant det ikkje er heva over einkvar tvil at direktivet vil ha negative skadeverknadar. Denne retten er klart formulert, og kan brukast utan store skadeverknadar. Me meiner at Tenestedirektivet vil ha negative verknadar for ungdom på mange måtar: Fare for færre lærlingplassar Det er allereie i dag mangel på lærlingplassar i Noreg. Målet med tenestedirektivet er å auka konkurransen i tenestemarknaden. Me ser allereie i dag korleis mange verksemder driv med sosial dumping, og med det sett seriøse bedrifter i klem. Med auka prispress er det fare for at færre norske bedrifter tek seg råd til å ta inn lærlingar. Ein kan heller ikkje påleggja utanlandske bedrifter som tek oppdrag i Noreg å ta inn lærlingar. Om direktivet fører til at fleire oppdrag går til utanlandske verksemder, vil det automatisk føra til færre lærlingplassar. Sosial dumping Tenestedirektivet vil gjera det vanskelegare å kjempa mot sosial dumping, fordi mange kontrolltiltak blir forbode, og fri flyt blir sett framfor faglege rettar. Sosial dumping er djupt umoralsk, fordi det fører til at utanlandske arbeidstakarar får dårlegare betalt fordi dei er utanlandske. Sosial dumping er og eit problem for norske arbeidstakarar, sidan standardane i arbeidslivet blir undergravd. Når konjunkturane snur kan mange få valet mellom å gå ned i løn eller mista jobben. Press mot den offentlege utdanninga I utgangspunktet er store deler av offentleg sektor ikkje omfatta av direktivet. Utdanningssektoren si stilling er likevel uklår. Dei delane av utdanningssektoren som er opna for konkurranse gjennom brukarbetalingsbaserte tilbod, ser ut til å vera omfatta. I så fall vil det sei fri etablering av nye private skular, noko som kan undergrava det offentlege utdanningstilbodet. Me fryktar og dei verknadane direktivet kan få for barnehagesektoren. Ungdomsalliansen tek ikkje stilling til privatisering av utdanninga, men meiner at det eventuelt må vera eit resultat av stortingsvedtak, ikkje tolkingane av eit direktiv og dommar i EF-domstolen. Dårlegare kår på ferie- og deltidsjobben Mange ungdommar har jobb på sida av utdanninga, eller dei jobbar fulltid. Sosial dumping fører til dårlegare løns –og arbeidsvilkår i fleire sektorar kor mange unge jobbar, som hotell, restaurant og bygging. Ungdom er utsette for sosial dumping, fordi ein har svakare tilknytting til arbeidsmarknaden og i mindre grad enn vaksne er fagorganisert. Mangel på lærlingplassar, sosial dumping, privatiseringspress mot skulen og dårlege kår for ungdom i arbeidslivet er ikkje problem som oppstår med tenestedirektivet. Men problema blir forsterka, og det blir vanskelegare å løysa dei. Det er me som er unge i dag som får merka verknadane av direktivet i framtida. Difor meiner me at direktivet må stoppast. Ungdomsalliansen mot tjenestedirektivet består av: Arbeidernes Ungdomsfylking, Norsk Målungdom, Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet, Rød Ungdom, Senterungdommen, Sosialistisk Ungdom, Ungdom mot EU, Ungdom mot Narkotika, Ungdomsutvalet i Norsk Tjenestemannslag, Ungdomsutvalet i Norsk Transportarbeiderforbund, ERGON og Politiets Fellesforbund studentene. Vil din organisasjon slutte seg til alliansen, eller ønsker du meir informasjon? Kontakt oss på kontakt(a)tjenestedirektivet.no.
|